|
SPOR MED TOR PAULSEN Endeleg var det vår tur , damene hadde gjennom fleire år hatt eit uttrykk som var slik ”ja ,men han Tor seier ....” No skulle vi andre få vite kva det er Tor seier. Og du skal ha takk, trønderane er sjeldan skoren for tungebandet og det var ikkje denne heller. Sanninga er at Tor seier mykje ,fort og krydra med små anekdotar av sjølvopplevde hendingar. Han seier mykje og det er ikkje utan grunn du kjenner deg som ein elev i første klasse når teoriøkta er gjennomført. Men fortvil ikkje, etter at du har blitt observert , notert og fått tilbakemelding i sporet, er du gjerne klar for barnehagen, du skjønnar at første klasse er for dei som har halde på ein 15-20 år. Høyrest dette overveldande og litt nifst ut, så er det faktisk det, men samtidig så utruleg inspirerande og det gir så mykje rom for eigenutvikling å vere med Tor på spor at du gjerne vil at helga skal var til både tysdag og onsdag når den først er i gang. Kva var det vi gjorde medan orkanen Gustav retta blikket mot New Orleans utan at vi fekk det med oss? Jau vi var på sporkurs , la ut spor , gjekk spor , observerte og vurderte, testa ut forsterkar/belønning , friska opp minnet om kvifor sporlina er 12-15 meter og følgde kvarandre i busk , kratt ,myr og grus. Vi brukte ord som sporkondisjon og rammevilkår, men eit nytt og fint ord som brukergrensesnitt (som eg lærte på torsdag) fekk vi dessverre aldri bruk for. Kva er så eit spor? Jau det er i dei fleste tilfelle eit menneskeskapt trakk, der kombinasjonen av knust vegetasjon og lukta av sporlegger gjev hunden grunnlag for å kunne følgje sporet frå A til B. Når hunden går sporet har hundeførar ei sporline festa til hunden, dette er bindeleddet mellom hund og førar. Hundeførar må så legge til rette for hunden og observere hunden si åtferd, knytt til korleis hunden oppfører seg og korleis munn, øyre og hale vert brukt når den har sporet i nasen/ikkje har sporet i nasen.
Start_____________________________Spor_______________________________Slutt
Kva må til for at hunden skal gå eit spor? Hunden må ha evne til å søke, søkslyst. Dette trenar du gjennom leiken, finne godbitar inne og ute, leite etter favorittleika ute og inne. Du må ha eit verktøy som gjer at din hund har lyst til å jobbe for deg, ein forsterkar. Du bygg opp hundens motivasjon for å gjere ein jobb ved å bruke til dømes ball eller kong som forsterkar. Dette er ikkje så lett som ein skulle tru, men alle kan heldigvis lære. Målet er at hunden gjennom belønning skal få auka motivasjon for jobbe, slik at hund og fører i fellesskap meistrar oppgåva å følgje eit spor.
Døme på rammevilkår er vindretning, regn/sol, underlag (grus, gras, myr, skog) temperatur og sporet si lengde og alderen på sporet. Vi fekk ein enkel regel, varier, varier , varier. Eit fersk spor kan gjerne vere lengre enn eit eldre spor.
Har vitetrangen din vakna? Det finst god litteratur, td. Din Hund og Din Hund Fortsetter av Sven Järverud (Cappellens forlag) eller du kan vere om deg og melde deg på eit sporkurs når det byr seg eit høve.
Og skulle Tor komme til bygda, ver tidleg ute for her blir det kø………
Kristin og Milli
Ps Sporkondisjon er forresten hunden si evne til å halde konsentrasjonen gjennom sporet på ulike typar underlag og over tid , det seier i alle fall Tor. |