| 10.11.2009 |
| Tilbake>> |
|
Referat frå styremøte i SHK avdeling Sykkylven måndag 02.11.2009 |
|
Desse møtte: Britt Unni Rørstad, Aud Flemsæter, Henriette Slettvold, Kjersti Hatlestad, Jarle Nødset og Kristin Dyrkorn. Gjest ; Siv Helseth Sak 12/09 Støtte til kurs Skal vi innvilge støtte til medlemmar som har teke kurs som kjem andre til gode gjennom tilbodet i SHK avd. Sykkylven? Både instruktørar og andre deltek på kurs som kan komme medlemmane til gode. Vi har gitt støtte til instruktørutdanning, men kan og gjere oss nytte av andre kurs medlemmane deltek på . Framlegg til vedtak: Medlemmar i SHK avd. Sykkylven kan søke om støtte til kurs dersom det kan komme andre medlemmar til gode. Kvar søknad vert vurdert av styret m.o.t om støtte skal gjevast og storleiken på støtta. Samrøystes. Sak 13/09 Mandagstrening /kurs Det vart drøfta om ein skal flytte mandagstreningane tilbake til Brunstad då det er betre plass der. Slik kan ein og ha Modul som fast kursstad, både for lydigheit og evt. andre kurs vi legg opp til. Type kurs kan vere apprtering, innkalling, handtering, ringtrening mm der ein har korte kurs med innlagt teori. Framlegg til vedtak: mandagtreningane vert lagt til Brunstad og Modul vert nytta til kurs , medlemsmøte og temakveldar. Samrøystes. Sak 14/09 Temakveldar Det har ikkje vore noko særleg oppslutning om temakveldane våre. Vi bør kanskje prøve å hente inn foredragshaldarar med ulike tema. Foreslått at Marita Risvik Tynes kan førspørrast om hundemassasje, dyrlege Nick med tema hund (førstehjelp), andre tema nemnt var peslstell, klikkertrening, utstilling, sosialisering, hund i samfunnet. Siv Helset er positiv til at vi kan henge oppslag om aktivitetar i klubben på Små og Store Poter. Sak 15/09 Blodspor Det har vore enkelte som har vist interesse for blodspor. Det var snakka om å arrangere blodsporprøve lokalt med SHK som arrangør og avd. Sykkylven som gjennomfører. Dette ligg noko utanfor vårt arbeidfelt og vi var samde om å ta opp saka med Roger Aure, drøfte den og ta stilling til om vi skal gå for dette. Sak 16/09 Julebord Det vert julebord for nye og gamle medlemmar på Vad den 18 .november kl 19.00 dersom minst 10 stk melder seg på. Frist for påmelding fredag 13.desmber til Kristin Dyrkorn , bruk tekstmelding med namn til mobil 90987079. Sak 17/09 Kurs 2010 med innleigd instruktør Britt Unni har kome i gang med neste års kurs. Framlegget til styret er at vi har to helgekurs, eitt med spor og eitt med lydigheit. Britt Unni prøver å få tak i Ellinor Antonsen og Line som var her i vår til lydigheit ( helst i mai 2010). Til sporkurs prøver ho å få tak i Tor Paulsen og Rolf Hegg (august 2010) Kristin Dyrkorn skrivar |
|
Desse møtte; Britt Unni Rørstad, Jarle Nødset, Kristin Dyrkorn Sak 02-09 Status kurs i kvardagslydigheit Alle kursdeltakarane har gjennomført kurset. Det har vore gode erfaringar med å arbeide med 1 hund og førar i gongen. Sak 04-09 Status kurs med ekstern instruktør Det er fullt på både bruks- og lydigheit. Britt Unni har alt under kontroll. Sak 05-09 Gulevestar på måndagar Det har vore manglande oppmøte frå dei som er sett opp utan at det er avtala bytte med nokon. Vi vurderer på nytt etter ferien om vi skal oppretthalde ordninga med gulvest. Sak 06-09 Status temakveldar på Modul Vi har ny temakveld 8.juni. Britt Unni vil gå gjennom innlæringsvegen, eit viktig tema for alle som trenar hund, til husbruk, til konkurranse eller til bruksøvingar. Sak 08-09 Sacco-vogna Det er gjeve melding om at vogna skal stå på Modul, vi må hente den dersom vi ikkje får den levert. Kristin bestiller eitt drag ekstra så det kan køyrast tospann. Dette kjem på vel 1000.- Sak 10-09 Valnemnda Valnemnda for 2009 er Jarle Nødset, Henriette Slettvold og Anna Myklebust. Jarle er leiar. Sak 07-09 Nøklar Vi tek det opp med Aud. Saka utsett til neste møte. Sak 11-09 Ymse Klubbkonkurranse i spor og lydigheit 2009. Vi har bestemt at vi arrangerer ein klubbkonkurranse i haust. Styret skal gå vidare med saka. Kristin arbeider vidare med saka. Agility, Henriette jobber med dette.Statusrapport utsett til neste møte. For styret Kristin Dyrkorn skrivar |
| Tilbake>> |
|
Referat frå styremøte 11.03.09 på SHK avd. Sykkylven sine lokale på Modul Desse møtte Britt Unni, Ann-Olaug, Jarle , Kjersti, Aud, Kristin Sak 2 09. Kurs i hverdagslydighet. Har sendt mail til Ann Olaug om å få dette ut på sida vår. Pris 1000 for medlemmer / 1500 ikke medlemmer. Påmelding BUR /AOT. Oppstart enten i slutten av mars kanskje like greit å starte opp etter påske. Vedtak i styret: oppstart onsdag 15 april med teorikveld. Silje og Britt Unni er instruktørar. Sette inn annonse i Sykkylvsbladet (Kristin?) Sak 03.09. Kurs på stranda. Ikke noe avklart pr. 27.02.09. På Stranda ønskjer dei både kurs for nye og for dei som tok kurs i januar. Dei nye kan eventuelt kome til Sykkylven på kurs, så det vert lettare å halde eit kurs på Stranda for dei som har vore med før. Det kan ikkje bli før april. Britt Unni kontaktar Anette Lyse Sak 04.09. Kurs med ekstern instruktør. Jeg har booket Rolf Hegg og fruen helgen 19/21 juni. Line tar 4000 for en helg og Rolf tar 5000 for en helg. De starter da med teori fredag og praksis lørdag og søndag. Påmelding til kurset laggast ut på heimesida for påmelding, maks 6 pr. lag.
Vi har sett av første måndag i månaden til tema. Det var ikkje stor oppslutning om første temakveld, men vi held fram. Påska går ut så neste kveld vert 4.mai. Tema spor/blodspor . Kjersti og Siv H. vert spurt om å halde temakveld på dette. Sak 08-09 Sacco Vogna. Styret drøfta kva vi skal gjere med Sacco vogna som no står i Ramstaddal. Saka vart drøfta i styret og det vart gjort slikt vedtak. Vedtak i styret: Vogna bør stå på Modul og vi skal sjekke kva det vil koste å kjøpe eit drag til så to hundar kan trekke. Britt Unni undersøkjer. Sak 09-09. Samarbeid med 4 poter. SHK avd. Sykkylven vil gjerne invitere 4 poter til temekvaldar , der dei kan presentere sine tilbod som hundemassasje m.m. Vedtak i styret:Temakveldar i regi av vår klubb skal haldast i klubblokalet på Ikornnes, då dette er ein del av satsinga for å aktivisere medlemmane gjennom ulike tilbod. Sak 10-09. Valdnemnd for styret 2010. Jarle stiller som leiar valnemnda og spør Henriette og Anna P. om dei kan vere medlemmar
sekretær |
|
Referat frå styremøte på Modulbygg tysdag 10.02.09 Desse møtte ; Britt Unni Rørstad, Kjersti Hatlestad, Kristin Dyrkorn, Ann-Olaug Toftesund, Henriette Slettvold, Jarle Nødset
Sak 01-09 Instruktørutdanning Silje Hausvik har gjennomført instruktørkurs trinn 1. Ho søkjer om å få dekt heile eller delar av kurskostnaden på kr. 3596, 00. Vedtak: Silje Hausvik får dekt kostnaden på kr. 3596,00 av SHK avd. Sykkylven mot å halde to kurs vederlagsfritt for klubben. Sak 02-09 Kurs i kvardagslydigheit Sykkylven Vi held ”vårkurs” i kvardaglydigheit i mars 09. Vedtak: Pris på kurs som i 2008. Instruktørane får auka godtgjersle med 500 kr til 1500 kr. Vi legg ut påmelding på heimesida vår. Britt Unni får tak i instruktørar. Sak 03-09 Kurs i kvardagslydigheit Stranda Stranda ber oss halde nytt kurs i mars. Britt Unni får tak i instruktørar. Sak 04-09 Kurs med ekstern instruktør i Sykkylven SHK avd Sykkylven prøver å halde kurs med eksterne instruktørar kvart år. Ellinor skal til Ørsta i år og Tor Paulsen er avventande grunna interne rutiner i politiet. Vi har desse kandidatane som vi vil prøve å få til ein avtale med: Guri og Janne, Kjersti tek kontakt Rolf Hegge og kona hans, Britt Unni tek kontakt . Sak 05-09 Vaktliste gulvest måndagar Sjå eige vedlegg Sak 06-09 Temakveldar på Modul Vi ønskjer å halde temakveldar der vi presenterer ulike tema for hundeeigarane i Sykkylven. Målet er å auke kunnskapsnivået og interessa for hundearbeid i klubben. Framlegg til tema: sosialisering, innlæringsvegen, utstilling, passeringstrening, spor/blodspor mm. Temakveld er 1.måndag kvar månad. Ann-Olaug tek imot tips på heimesida dersom det er tema nokon ønskjer seg. Vi inviterer gjerne forelesarar dersom nokon har tips om flinke folk. Kristin startar i mars med tema: Sosialisering (korleis bli medlem av familien, samfunnet og kunne fungere i fellesskap med menneske og dyr) Sak 07-09 Andre saker Skal vi arrangere klubbkonkurranse i spor og lydigheits for å motivere til aktivt arbeid med hund ? Ja, det skal vi. Vedtak: SHK avd. Sykkylven skal arrangere lydigheitskonkurranse hausten 2009. Vidare planar skal takast att av styret. Dersom vi vel å satse på agility og innkjøp av utstyr, har vi no disponibel grusbana til bjørn Inge Slettvold . Nøkkelsaka. Vi må få tilstrekkeleg med nøklar til port og hus som virkar. Ei sak for Aud. For styret Kristin Dyrkorn -skrivar- |
| Tilbake>> |
|
REFERAT FRÅ ÅRSMØTE 2008 FOR SUNMØRE HUNDEKLUBB AVD.SYKKYLVEN Møtet vart halde på Modulbygg måndag 02.februar 2008 og det møtte 7 medlemmar på årsmøtet. Sakliste Sak 1 Godkjenning av innkalling Det var ingen merknader til innkallinga. Sak 2 Godkjenning av sakliste Saklista vart godkjent. Sak 3 Val av møteleiar Britt Unni Rørstad vart valt til møteleiar. Sak 4 Årsrapport Skrivar las opp årsrapporten. Årsapporten vart godkjent. Sak 5 Rekneskap Kasserar gjekk gjennom rekneskapen. Rekneskapen vart godkjent. Sak 6 Val av nytt styre Valnemnda var ikkje tilstades, men hadde meldt at alle kandidatane hadde takka ja til verv. Nytt styre er slik samansett: Styret i 2009; Leiar Britt Unni Rørstad 1år Nestleiar Jarle Nødset 2år Kasserar Kjersti Hatlestad 1år Skrivar Kristin Dyrkorn 2år Styremedlem Ann-Olaug Toftesund 1år Varamedlem Aud Flemsæter 1 år Varamedlem Henriette Slettvold 1 år Det vart ikkje valt ny valnemnd på årsmøtet. ÅRSRAPPORT 2008 Styret har halde 6 møter i 2008 og handsama 20 saker. Lokala våre i Modulbygg på Ekornes, der vi har både møterom, sosialtrom og treningsplass ute har blitt ein flott møteplass og det har vore god aktivitet gjennom året. Vi har fått rydda litt og fått opp ekstra lys til treningskveldane. Gjennom vidare dugnadsinnsats våren 2009 vonar vi å få til leikeplass for kvalpar på oppsida av bygget, utvikle sosialsona ved benkane og gjere det rett triveleg ute. Vi har prøvd ut ei ordning med ein treningshjelpar på måndagskveldane når det ikkje er kurs.
Tor Paulsen vart innleigd ei helg for å halde sporkurs. Det var eit kjempebra kurs med stor læringsverdi. I 2008 har vi i avdeling Sykkylven i eigen regi, halde 2 dressurskurs med kvardagslydigheit/kvalpekurs og 1 nybyrjarkurs i spor. For årsmøtet Kristin Dyrkorn -skrivar- |
| Tilbake>> |
|
INNKALLING OG ÅRSRAPPORT TIL ÅRSMØTE 2008 FOR SUNMØRE HUNDEKLUBB AVD.SYKKYLVEN Det vert med dette kalla inn til årsmøte måndag 02.februar 2009 kl.18.30 i lokala til SHK avd. Sykkylven på Modulbygg, Ekornes Sakliste Godkjenning av innkalling Godkjenning av sakliste Val av møteleiar Årsrapport Rekneskap Val av nytt styre Innmelding av saker: Har du saker til årsmøtet, send til leiar Britt Unni Rørstad innan 23.januar 2009 ÅRSRAPPORT 2008 Styret har halde 7 møter i 2007 og handsama 20 saker. Lokala våre i Modulbygg på Ekornes, der vi har både møterom, sosialtrom og treningsplass ute har blitt ein flott møteplass og det har vore god aktivitet gjennom året. Vi har fått rydda litt og fått opp ekstra lys til treningskveldane. Gjennom vidare dugnadsinnsats våren 2009 vonar vi å få til leikeplass for kvalpar på oppsida av bygget, utvikle sosialsona ved benkane og gjere det rett triveleg ute. Vi har prøvd ut ei ordning med ein treningshjelpar på måndagskveldane når det ikkje er kurs. Våren 2008 var Ellinor Antonsen og John-Ketil Rogneslien innleigde til helgakurs for medlemmar, eit svært lærerikt kurs. Det ligg meir informasjon på nettsida vår. Tor Paulsen vart innleigd ei helg for å halde sporkurs. Det var eit kjempebra kurs med stor læringsverdi. I 2008 har vi i avdeling Sykkylven i eigen regi, halde 2 dressurskurs med kvardagslydigheit/kvalpekurs og 1 nybyrjarkurs i spor. Styret i 2008 har vore; Leiar Britt Unni Rørstad 2år Nestleiar Jarle Nødset 1år Kasserar Kjersti Hatlestad 2år Skrivar Kristin Dyrkorn1 1år Styremedlem Ann-Olaug Toftesund 2år Varamedlem Aud Flemsæter 1 år Varamedlem Henriette Slettvold 1 år Valnemnda til årsmøtet er : Siv Helseth leiar, Silje Hausvik og Anna Myklebust, medlemmar. Framlegg til nytt styre vert presentert på årsmøtet under val. For styret Kristin Dyrkorn -skrivar- Rekneskapen vert lagt fram på årsmøtet VEL MØTT DEN 2 FEBRUAR! |
|
|
|
Referat frå styremøte 05.08, 19.08. 08 kl. 19.00 på Modul Sak 02/08, Dugnad hvor langt har vi komt her vedr. ekstra belysning, det er ønskelig at dette er på plass til oppstart av kurs medio september. Har vi fått tak i flippover Jarle kom med flippover i dag, vi må kjøpe ark til den. Jarle har og funne kva lys vi bør ha og dette vert ordna til oppstart dressurkurs i september. Sak 08/08, Evaluering sporkurs som Kristin hadde uke 22. Kristin la fram vurdering av kurset. Kjersti sjekker om deltakarane har betalt kursavgift kr 500. |
|
Sak 16/08, Sacco Vogna. Kristin skulle lage et regelverk og avtale om bruken og utlån av sacco vogna. Framlegg til regelverk og avtale lagt fram på møtet. Justert framlegg vert lagt ved til styret i referatet. Sak 17/08, Sporkurs videregående med Tor Paulsen. Han kommer til Sykkylven og holder kurs 29 - 31 august. Følgende må besluttes: Hvor skal han bo, sted, trenger vi å sjekke med grunneigere? Hvem henter og bringer han til Moa. Tor lander på Vigra kl. 14.00, regner da med han er på Moa senest kl. 15.00. Retur flyet går kl. 22.00. |
|
Kjersti bestiller hytte. Aud avtalar henting med Anna Britt Unni ordnar med mat Kristin tek med instruktøren til fjells Vi avtalar felles arrangement laurdag kveld. Sak 18/08, Kurs i hverdagslydighet høsten 08. Britt Unni annonserer, pris sett til 1500 for ikkje medl. og 1000 for medlemmar SHK. Kvitteringa skal leggast fram første kurskveld(teorikvelden) Britt Unni og Ann Olaug er kurshaldarar, Silje får tilbod om å vere med som hjelpeinstruktør. |
|
Sak 19/08, Vaktliste mandagstrening Styret drøfta kva som er oppgåva til den med gul vest. Vi kom til at det først og fremst er viktig å ta godt i mot nye som kjem på treffa. Vidare at alle får spørsmål om det er noko dei vil ha hjelp til , bidra viss nokon har ønskje om fellesdekk, rutetrening og liknande. Ny liste ligg ved. Kristin Dyrkorn - sekretær- |
|
Referat frå styremøte 05.05.08 på Modulbygg Desse møtte; Kjersti, Jarle, Siv, Henriette, Britt Unni , Kjersti og Kristin 07/08 Evaluering kurs Ellinor / John -Ketil Eit fleirtal av daltakarane har gjeve positive tilbakemeldinga, medan andre har synest metodane var negative. Vi vil prøve å legge til rette for å finne annan instruktør for dei som er under innlæring neste år, og i tillegg halde eit kurs for vidarekomne med Ellinor. Kom gjerne med innspel på kandidat til instruktøroppgåva for dei som er under innlæring viss du har eit framlegg. 08/08 Sporkurs vår / sommer nybegynner helgen uke 22, annonsering, påmelding, sted og instruktører. Aud og Kristin har teke på seg å arrangere nybegynnerkurs. Teorikveld måndag 26. 5, skogskveld onsdag 28.mai , fredag 29, mai og halve dagen laurdag 30.mai Kurspris 500 kr. påmelding til Kristin krimarid@online.no 90987079 15/08 Evaluering temakveld Tove Ein ok kveld med informasjon. Ringtreningskurs er i gang på Modul. 16/08 bruken Sacco vogna, skal vi ha den eller skal vi selge den? Om vi beholder den så må det skrives regler om og ikke minst vedlikehold. Jan Vimme har pussa opp vogna og den står i Straumgjerde. Medlemmar i SHK avd. sykkylven har vore der og fått opplæring. Kristin lagar eit framlegg til regelverk og avtale om Saccovogna til neste møte. 17/08 Sporkurs videregående. Prøver å få fatt i en ekstern instruktør til å holde et helgekurs for oss. Tor Paulsen kan kome i veke 35.Han tek 5 ekvipasjar i sportrening og så mange observatørar som vil. Han tek 5000 pluss reise/opphald.Vi kjøper billig flybillett og satsar på privat innlosjering. Kurspris 1000 med hund, 200 for observatør. 02/08 Dugnad, oversikt over hva som må gjøres fremover og bestemme tider for dugnader. Jarle tek på seg å vere dugnadssjef. Han kontaktar Aud for å sjå kva som skal gjerast og bestiller nødvendig materiell. Jarle sjekkar om han kan få kjøpe ein flipover på jobben. 18/08 Eventuelt. Var det noko her? Kristin Dyrkorn -skrivar- |
| Tilbake>> |
|
Referat frå møte i SHK avdeling Sykkylven 31.03.08 Desse møtte: Britt Unni, Ann-Olaug, Kjersti, Henriette, Jarle, Kristin og Siv Sak 1 08 kurset med Ellinor 11-13 april. Aud handkar inn tørrmat mjølk og pålegg. Vi gjer avtale på laurdag om det skal vere noko felles om kelden Vi deler inn grupper på fredag kveld Kursstart kl. 1900 fredag kveld med teori, vi holder med prosjektor og pc. Aud sjekker om vi kan bruke grusbana på Blakstad Britt Unni spør på Tema Trading Alle betaler 750 kr ved oppstart kurs fredag |
|
Sak 5 08, Dekking av reiseutgifter ved møte i hovedstyre for SHK. Styret gjorde vedtak om å dekke møte i Ålesund med kr 150 pr møte etter rekning. Sak 6 08, Oppnevne en person til bruks / lydighetsgruppen. Siv Helseth stiller som kontakt for avdeling Sykkylven i brukshundgruppa. Sak 7 08, Evaluering av medlemsmøte 25.02.08 med hundekjøreren Jan Vimme. Ønsker forslag til tema til medlemskveldene. F.eks førstehjelp til hund, agility osv Det var semje i styret om at det var ein interessant kveld. Vi kan for framtida legge til rette med ei klarare tidsramme slik at både forelesar og publikum veit kor lenge arrangementet varer. Neste gong inviterer vi Tove Johnsen til å snakke om ringtrening og utstilling av hund. Eventuelt Vi må har giroar til dressurkurset. Neste gong vi har kurs må vi legge til rette for at deltakarane får betale før kurset startar. |
| Tilbake>> |
|
Referat frå styremøte SHK avd. Sykkylven 04.02.2008 på Modulbygg kl.19.00 |
|
Desse møttte: Britt Unni Rørstad, Kjersti Hatlestad, Ann-Olaug Toftesund, Jarle Nødset, Kristin Dyrkorn, Henriette Slettvold, Aud Flemsæter Til vitande, i samsvar med tidlegare praksis vert sakene nummerert fortløpande gjennom året og startar i dag med sak 7.jfr styremøte 07.01.2008. Sak 07/08 Kurs med Ellinor Antonsen Kurset går helga 11-13 april med oppstart fredag kveld teoriøkt og praktiske dagar laurdag søndag . Ellinor tek med Jon Ketil og det vert plass til 2 grupper a 6 deltakarar. Siv Helsteth held med hytte verdi 750 kr. Kursavgift vert 750 kr pr deltakar. SHK avd Sykkylven held kostnad med reise, mat og opphald for instruktørane. Sak 08/08 Sporkurs våren 2008 Det har vore interesse for sporkurs/blodsporkurs i avdelinga. Vi sett av tid i veke 22 med teori måndag og prakitsk arbeid laurdag og søndag. Pris for kurset vert annonsert seinare. Teoridel Kristin og Aud, på praktisk del vil Britt Unni og Kjersti og hjelpe til. Sak 09/08 Dressurkurs vår 2008 Oppstart vårkurs kvardagslydigheit/kvalpekurs med teorikveld 3 mars. Det vert maksimalt 6 deltakarar pr. gruppe. Aud og Kristin har ansvar for kvar si gruppe, dersom det vert meir enn 12 deltakarar stiller Britt Unni på gruppe 3. Hjelpinstruktørar blir Henriette Slettvold og Silje Hausvik. Pris medlem SHK 1000 kr ikkje medlem 1500 kr. kurset går over 16 timar med eigne bruksdag i skogen. Sak 10/08 Eventuelt Agility Det har vore drøfta om avdelinga skal satse på innkjøp av Agility utstyr. Vi har pr. dato ikkje lagerplass eller eigna bane til dette. Vi minner derfor medlemmane i avdelinga om at det er faste agility treningar i Olsvika og at vi som medlemmar i SHK kan delta der når vi ønsker. Temakveld Vi inviterer hundekjøreren frå Straumgjerde til temakveld den 25. februar. Silje snakker med han . Kristin skrivar
|
| Tilbake>> |
|
ÅRSMØTEREFERAT SHK AVD. SYKKYLVEN Årsmøtet vart halde den 21.01.08 kl.18.30 i klubblokala på Modulbygg. Det møtte10 medlemmar på årsmøtet i Sunnmøre hundeklubb avdeling Sykkylven. Årsmøtesaker: Godkjenning av innkalling Det var ingen merknad til innkallinga Godkjenning av sakliste Det var ingen merknad til sakliste Val av møteleiar Årsmøtet valde Aud Flemsæter til møteleiar og Kristin Dyrkorn til skrivar Årsrapport Leiar las årsrapporten. Det var ingen merknad til årsrapporten. Rekneskap Avdeling Sykkylven har pr. 31.12.07 kr. 48.519,48 på bok i Sparebanken. Inntektene skriv seg frå inneståande midlar og kursverksemd. Det har vore eit aktivt år der vi har gjort innkjøp til dei nye klubblokala, med inventar, utstyr og dataprosjektor. Vi har også ved inngangen av 2008 midlar til å vidareutvikle området ved Modulbygg for dei aktive i hundemiljøet. Val av nytt styre Styret i 2007, alle valt for 1 år. Leiar Aud Flemsæter Nestleiar Britt Unni Rørstad Kasserar Kjersti Hatlestad Skrivar Kristin Dyrkorn Styremedlem Ann-Olaug Toftesund Valnemnda har vore Anna Myklebust, Siv Helseth og Silje Hausvik Valnemnda sitt framlegg til nytt styre: Leiar Britt Unni Rørstad 2år Nestleiar Jarle Nødset 1år Kasserar Kjersti Hatlestad 2år Skrivar Kristin Dyrkorn1 1år Styremedlem Ann-Olaug Toftesund 2år Varamedlem Aud Flemsæterm 1 år Årsmøtet fekk framlegg om å utvide til to varamedlemmar og dette vart vedteke Varamedlem Henriette Slettvold 1 år Årsmøtet oppretta ny valnemnd med desse medlemmane Siv Helseth, leiar , Anna Myklbust ,medlem og Silje Hausvik, medlem Innkomne saker Ingen saker meldt. For årsmøtet , Kristin Dyrkorn, referent
|
|
INKALLING OG ÅRSRAPPORT TIL ÅRSMØTE 2007 FOR SUNMØRE HUNDEKLUBB AVD.SYKKYLVEN Det vert med dette kalla inn til årsmøte mandag 21.januar 2008 kl.18.30 i lokala til SHK avd. Sykkylven på Modulbygg, Ekornes Sakliste Godkjenning av innkalling Godkjenning av sakliste Val av møteleiar Årsrapport Rekneskap Val av nytt styre Innmelde saker Har du saker til årsmøtet, send til leiar Aud Flemsæter innan 14.januar 2008 6222 Ikornnes , aud@syrek.no ÅRSRAPPORT 2007 Styret har halde 7 møter i 2007 og handsama 34 saker. Lokala våre i Modulbygg på Ekornes, der vi har både møterom, sosialtrom og treningsplass ute har blitt ein flott møteplass og det har vore god aktivitet gjennom året. Gjennom vidare dugnagsinnsats våren 2008 vonar vi å få til leikeplass for kvalpar på oppsida av bygget, utvikle sosialsona ved benkane og gjere det rett triveleg ute. Våren 2007 var Ellinor Antonsen kursleiar for eit helgakurs for medlemmar, eit svært lærerikt kurs. Det ligg meir informasjon på nettsida vår. I 2007 har vi i avdeling Sykkylven halde 2 dressurskurs med skogsdag og bruksarbeid innlagt i kursa. To av medlemmane har godkjent Redningshund vinter, to har godkjent nye ettersøkhundar for skadeskote vilt. Medlemmane har delteke både i konkurranser og utstillingar gjennom året og fått svært gode resultat. Dette kan du sjå på nettsida vår. Styret i 2007 har vore; Leiar Aud Flemsæter Nestleiar Britt Unni Rørstad Kasserar Kjersti Hatlestad Skrivar Kristin Dyrkorn Styremedlem Ann-Olaug Toftesund Alle er valt for eitt år. Valnemnda til årsmøtet er : Siv Helseth, Silje Hausvik og Anna Myklebust. Framlegg til nytt styre vert presentert på årsmøtet under val. For styret Kristin Dyrkorn -skrivar- Rekneskapen vert lagt fram på årsmøtet VEL MØTT DEN 21 JANUAR |
|
Referat frå styremøte på Modulbygg mandag 7/1 08 kl 19.00 Desse møtte ; Aud Flemsæter, Britt Unni Rørstad, Kjersti Hatlestad, Kristin Dyrkorn
Sak 1/08 POST Ingen post til gjennomgang. Sak 2/08 DUGNAD/SKAP TIL PROSJEKTOREN Aud har fått arkivskåp vi kan bruke. Det står på plass i møterommet. Sak 3/08 ØKONOMI/REGNSKAP SHK avd. Sykkylven har om lag 48.000 på konto pr. 31.12.07 Sak 4/08 VAKTLISTE FOR TRENINGSKVELDAR Sjå eige vedlegg. Sak 5/08 FØREBUING TIL ÅRSMØTE Valnemnda har starta arbeidet sitt. Årsrapport ligg ved som vedlegg. Rekneskap vert delt ut på møtet. Aud handlar inn til servering. Sak 6/08 EVENTUELT Britt Unni er i gang med å prøve å få Ellinor Antonsen til kurshaldar i mai.
For styret Kristin Dyrkorn -skrivar- |