|
26.01.2012 |
|
|
|
Referat frå styremøte tysdag 24.januar 2012 Desse møtte; Britt Unni Rørstad, Toralv Kvamme , Siv Aune og Kristin Dyrkorn
Saka vart drøfta, avdeling Sykkylven har nokre endringsforslag. Desse er sendt SHK. Sak 02-12 Støtte til instruktørkurs i Førde Brukshundklubb Aud Flemsæter får støtte med kr 1000 for å delta på kurs for instruktørar. Sak 03-12 Hundeeigarar som ikkje plukker opp etter hunden sin Det er eit problem at mange let hunden gjere frå seg utan å plukke opp. Det er berre i sentrum det er sett opp bosskasser. SHK av Sykkylven vil søke Gjensidige fondet om midlar til innkjøp av bosskasser. Vi vil invitere kommunen med på laget og be dei organisere tømming. Det er liten vits med bosskasser dersom dei ikkje vert tømt. Haugsetrunden/ Grebstadlia/Vikedalen er aktuelle stader å sette opp bosskasser.
Kristin Dyrkorn skrivar |
| 15.11.11 |
|
Referat frå styremøte i SHK avdeling Sykkylven15.11.11 Desse møtte; Britt Unni , Toralv, Siv og Kristin Sak 6-11 Kurs i spesialsøk Anna Myklebust har sendt førespurnad til SHK avd. Sykkylven om det er interesse for å halde kurs i spesialsøk. AVd. Sykkylven stiller seg positiv til å stå som teknisk arrangør. Kursdeltakarane betaler då direkte til kurshaldar. Anna er kontaktperson, Britt Unni snakkar med ho. Sak 7-11 Gulevestar på måndagar Viktig å møte folk som kjem på trening og å orientere litt om kva vi held på med. Toralv og Siv stiller som gulvest. Kristin kan og stille. Kven sett opp liste? Sak 8-11 Avtale med rideklubben i hall SHK avd. Sykkylven er villig til å inngå ein avtale om bruk av ridehallen td. to timar pr. veke. Det skal ligge føre drøftingar og ein skriftleg avtale om bruk mellom rideklubben SHK avd. Sykkylven. Britt Unni held kontakt med rideklubben. Sak 9-11 Klikkertrening teorikurs Aud har snakka med Linn, som er klikkerinstruktør om ho vil halde teorikurs for oss. Det har ho sagt ja til og skal ha dekt reisekostnad. SHK avd. Sykkylven vil gjerne arrangere teorikurs og eit par treningskveldar. Aud får i oppdrag og legge til rette for dette kurset. Kristin snakkar med Aud. Sak 10-11 Julebord 2011 SHK avdeling Sykkylven inviterer til juletallerken på Bellami den 14 desember. Kristin sender ut invitasjon og tek mot påmeldingar. Britt Unni sender oppdatert medlemsliste. Sak 11-11 ymse Vi bør saman med NRH sende eit brev til kommunen om behovet for treningsområde til brukshundarbeid.
|
| Årsmøtet i Sunnmøre Hundeklub |
|
Framlegg til saker på Årsmøtet frå SHK avdeling Sykkylven
SHK avdeling Sykkylven fremmer forslag om at leder i avdeling Sykkylven og avdeling Stranda skal ha fulle rettigheter i SHK styret, dvs møte, tale og stemmerett. Dette fordi lederne i avdelingane opptrer som tillitsvalgte for alle medlemmene i sine respektive avdelingar.
SHK avdeling Sykkylven fremmer forslag om at det skal opprettes en arbeidsgruppe som i 2011 skal arbeide for å avklare avdelingene sitt forhold til hovedklubben. Slik det fungerer i dag, har ikke avdelingene egne statutter, men blir i praksis behandlet som egne ”klubber” i klubben. Det er viktig for SHK og SHK sine avdelinger at roller og ansvar er tydelig formulert i klubbens statutter/lover. Arbeidgruppen bør bestå av tre medlemmer , en fra hovedklubben, en fra avdeling Sykkylven og en fra avdeling Stranda. Det bør ikke være knyttet krav til at desse har verv for å kunne velges ut. Arbeidsgruppen skal levere en innstilling til styret slik at det kan legges fram sak for årsmøtet i 2011.
Sykkylven 24.01.2011
For medlemmene i SHK avd. Sykkylven
Britt Unni Rørstad -sign |
|
|
|
REFERAT FRÅ ÅRSMØTE 2010 FOR SUNMØRE HUNDEKLUBB AVD.SYKKYLVEN |
|
|
|
Møtet vart halde på Modulbygg måndag 24.januar 2011 og det møtte 10 medlemmar på årsmøtet. Sakliste Sak 1 Godkjenning av innkalling Det var ingen merknader til innkallinga.
Sak 2 Godkjenning av sakliste Saklista vart godkjent.
Sak 3 Val av møteleiar, referent og teljekorps Britt Unni Rørstad vart valt til møteleiar. Kristin Dyrkorn vart valt til referent. Det vart ikkje sett ned teljekorps.
Sak 4 Årsrapport 2010 Møteleiar las opp årsrapporten. Årsapporten vart godkjent.
Sak 5 Rekneskap Kasserar gjekk gjennom rekneskapen. Rekneskapen vart godkjent. Revisor hadde følgjande merknader som årsmøtet tok til vitande; når vi betaler ut ”løn” til instruktørar for kurs, er det ikkje høve til å gi kvar enkelt meir enn 4000 kr skattefritt. Utbetalingar over dette beløpet skal skattast gjennom skjema ein får hos skatteavdelinga på kommunen. Vidare gjorde revisor merksam på at vi kan søkje stipend i tillegg til kursstøtte hos Natur og Ungdom. Det er og ryddig at lister over kursdeltakarar ligg i rekneskapen som bilag.
Sak 6 Val av nytt styre Valnemnda ved leiar Kjersti Hatlestad Nytt styre er slik samansett: Styret i 2011 Leiar Britt Unni Rørstad 1 år Nestleiar Toralv Kvamme 2år ny Kasserar Jarle Nødset 1 år Skrivar Kristin Dyrkorn 1 år attval Styremedlem Henriette Slettevold 1 år Varamedlem Siv Aunaas 1 år ny Varamedlem Roger Aure 1 år attval
Ny valnemnd; leiar Tove Johnsen , medlem Randi A. Tandstad og Desiré Lorentzen
Revisor; Tove Johnsen
Årsmøtet slutt kl.19.40
For årsmøtet Kristin Dyrkorn -referent- |
|
|
|
Styret i 2010 har hatt desse medlemmane: Leiar Britt Unni Rørstad Nestleiar Siv Helseth Kasserar Jarle Nødset Skrivar Kristin Dyrkorn Medlem Henriette Slettvold Varamedlem Aud Flemsæter Varamedlem Roger Aure Det har i 2010 vore halde tre styremøte og styret har handsama 18 saker. SHK avdeling Sykkylven har i 2010 gjennomført følgjande aktivitetar; Kvalpekurs/grunnleggjande lydigheit to kurs, eitt våren 2010 og eitt hausten 2010 med eigne insrtuktørar. To lydigheitskurs med ekstern instruktør Line Torp. Sporkurs med ekstern instruktør Rolf Hegg. Vidare har desse delteke på instruktørsamling ved Østlie’s Hundesenter, Britt Unni Rørstad, Aud Flemsæter, Silje Hausvik, Ann-Olaug Toftesund og Kristin Dyrkorn. Vi var fleire av klubbane på Sunnmøre som var med på kurset. I tillegg til instruksjonstema, var det å drifte ein klubb, setje mål for aktiviteten ut frå eigne lover eit tema på teoridelen av kurset. Det er kvar måndag og onsdag eigentrening for medlemmane på Brunstad. Sjølv om det var eit mål å halde fram med ordninga ”gul vest” har dette ikkje kome i organiserte former i 2010. Eit kurs for ringtrening var planlagd i 2010, dette vart utsett til våren 2011, nestleiar har ansvar for å skaffe instruktør til dette kurset. Målet er at kurset skal haldast i god til før SHK si utstilling i Sunnmørshallen. Årsrapporten tek ikkje med oversyn over resultat medlemmar har fått gjennom året, men det er aktivitet på fleire frontar både innan brukshundarbeid (jakt,redning,ettersøk), utstilling og lydigheit blant medlemmane våre. Heimesida oppdaterer resultat dersom de melder inn til web ansvarleg Ann-Olaug Toftesund. Det har ikkje vore halde medlemskveldar med tema i regi av SHK avd. Sykkylven i 2010. Vi gjennomførte slike kveldar i 2009, utan noko særleg oppslutning. Styret i SHK avd. Sykkylven Britt Unni Rørstad, Siv Helseth, Jarle Nødset,Kristin Dyrkorn, Henriette Slettvold, Aud Flemsæter, Roger Aure |
|
|
|
Sunnmøre Hundeklubb avdeling Sykkylven
|
|
|
|
|
|
Møtt: Britt Unni, Siv , Jarle og Kristin
Sak 12/10 Lokale /uteområde for SHK avd. Sykkylven Vi har i dag høvelege og gode klubblokale på Modul. Det vi manglar er areal til å samlast og å trene td. lydigheit , ringtrening mm. Uteområdet på Modul er ikkje stort nok. Vi må prøve å finne eigna område til dette. Kjøp av område ligg ikkje innanfor vår økonomiske evne. Når nye Sørestranda skule står ferdig hausten 2011, vil eit stort uteareal og bygg stå tomt ved Jarnes skule. Vi kan søkje om å disponere utearealet og kanskje og så ha tilgang til bygget medan det står tomt, dette er kostnadsfritt for kommunen og eit handslag til det organiserte hundehaldet. Kristin lagar framlegg til brev vi kan sende. Sak 13/10 Kvardagslydiheit/kvalpekurs Kursstart måndag 21. september. Kristin instruktør for ei gruppe, men vi må ha ein instruktør til. Britt Unni ordnar det. Kursavgift som tidlegare , 6 kveldar a2 timar. Britt Unni er kontaktperson. Annonse på heimeside og i butikken til Siv. Sak 14/10 Gulvest haust 2010 Styret ser det som ei viktig oppgåve for oss å møte nye og gamle medlemmar på treningskveldane. Gulvest er ikkje instruktør, men den som skal syte for at dei som kjem vert tekne imot og kjenner seg velkommen. Kvar enkelt har ansvar for si eiga trening, den som har gul vest har gjerne og ein hund som skal trenast og det er lov. Vi sett opp vaktliste for hausten og legg ut på nett og sender til kvar enkelt. Den som står på lista skal møte på Brunstad måndager kl 18.00 – 19.00. Onsdag er eigentreningsdag for lydigheit utan gul vest. SHK ha booka ei helg i oktober for instruktørar. Sykkylven kan delta på kurset , pris er 3200 kr pr person. Aud, Britt Unni og Kristin er interessert i å delta. Silje og Ann-Olaug får forespørsel. Sak 15/10 Diverse Saker som er under arbeid: Sak 06/10 LP bag Britt Unni og Ann Olaug har vore i kontakt og arbeidet med å setje saman LP bag held fram. Sak 07/10 Instruktørkurs på Østlies hundesenter i oktober Alle blir med, Ann Olaug i regi av Retrieverklubben, Britt Unni, Aud, Silje og Aud i regi av avd. Sykkylven. Sak 08/10 Sporkurs med Tor Paulsen veke 42 Tor har ikkje høve til å kome og kurset går ut.
Sak 09/10 Reinhald på klubblokala Vi kan sette opp ei vaskeliste, men det står mest i tilgang til lokala. Vi må ha nøklar som virkar til port og dør. Sak 10/10 Utstilling/ringtrening Vi skal halde eit kurs våren 2011. Siv skal kontakte kurshaldar og gjere avtale til neste møte.
Kristin D skrivar |
|
|
|
Møtereferat styremøte i SHK avd. Sykkylven den 08.02.10 hjå Siv.
Tilstades: Britt Unni, Siv, Aud, Roger, Jarle
Sak 1: Støtte til kurs. Det er tidligere vedtatt at det kan søkes om støtte til kurs som gjør at medlemmene får bedre kompetanse på hund, og som kan komme klubben til gode. Styret skal behandle alle søknader om støtte, og avhenger av klubbens økonomi. Retningslinjer for tildeling av støtte ble gjennomgått. Til mer medlemmen aktivt engasjerer seg i klubben, f. eks som instruktør på kurs, gulevest eller som ressursperson på treninger der vedkommende kan øse av sin kunnskap, til større andel kan dekkes av klubben. Søknadene som var med innkalling ble godkjent. Skjema for godtgjørelse sendes til kasserer for utbetaling.
Sak 2: Kurs i kvardagslydighet. Det blir startet kurs i kvardagslydighet den 12.04 (teorikveld). Det blir også satt inn annonse for kurs for viderekomne, og dette blir avholdt dersom det er nok personer som er interessert. Det blir annonsert på nettsiden og på «buda» til Siv. Egne temakurs, for eksempel innkalling og passeringskurs kan bli avholdt dersom det er interesse for dette.
Sak 3: Kurs med ekstern instruktør. Det blir kurs i lydighet med Line Torp fra 30.04. til 02.05. Det er plass til inntil 8 ekvipasjer. Det blir kurs med Line og/ eller Rolf Hegg fra 04.06. til 06.06. Her blir det enten lydighet eller lydighet og spor, alt etter interessen blant kursdeltakerne. Det blir helgekurs i utstilling med ekstern instruktør, Siv sjekker instruktør og dato, med mulighet for interne oppfølgingskvelder etter kurset. Sporkurs med Tor Paulsen blir flyttet til høsten, Britt Unni sjekker aktuelle datoer. Kurs med Ellinor blir avbestilt.
Sak 4: Onsdagstrening. Det ble vedtatt å fortsette med onsdagstreninger som før.
Sak 5: Leikeplass på Vik. Det er ikke aktuelt for hundeklubben å engasjere seg i dette.
Sak 6: Kjøp av utstyr. LP-bag: Styret ønsker en oversikt over hvilket utstyr som er aktuelt, og et prisoverslag på hva det vil koste. Dersom Ann-Olaug kan bidra med dette til neste møte, hadde det vært fint. Launcher: Styret har innvilget innkjøp av Launcher, med en totalkostnad på inntil kr. 2500.- Driftsremedier som ammo, dummy etc. holdes av brukerne.
Diverse: Gulevest: Styret ønsker å fortsette med denne ordningen. Britt Unni sender ut forespørsel til aktuelle kandidater. Etter dette settes det opp vaktliste. Kursstøtte: Det søkes støtte til kurs fra Natur og Miljø. Britt Unni har kontrollen på dette.
Jarle - referent |
|
|
|
REFERAT FRÅ ÅRSMØTE 2009 FOR SUNMØRE HUNDEKLUBB AVD.SYKKYLVEN |
|
Møtet vart halde på Modulbygg måndag 01.februar 2010 og det møtte 11 medlemmar på årsmøtet. Sakliste Sak 1 Godkjenning av innkalling Det var ingen merknader til innkallinga.
Sak 2 Godkjenning av sakliste Saklista vart godkjent.
Sak 3 Val av møteleiar Aud Flemsæter vart valt til møteleiar.
Sak 4 Årsrapport Skrivar las opp årsrapporten. Årsapporten vart godkjent med ein merknad. Det var halde båse spor og lydeheitskurs med ekstern instruktør våren 2009.
Sak 5 Rekneskap Kasserar gjekk gjennom rekneskapen. Rekneskapen vart godkjent.
Sak 6 Val av nytt styre Valnemnda ved leiar Jarle Nødset Nytt styre er slik samansett: Styret i 2010 Leiar Britt Unni Rørstad 2 år Nestleiar Siv Helseth 1 år Kasserar Jarle Nødset 2 år Skrivar Kristin Dyrkorn 1 år Styremedlem Henriette Slettevold 2 år Varamedlem Aud Flemsæter 1 år Varamedlem Roger Aure 1 år
Ny valnemnd; leiar Kjersti Hatlestad, medlem Åshild Kristoffersen, medlem Tove Johnsen
Revisor; Tove Johnsen
Sak 7 Innmelde saker Det var ei innmeld sak til årsmøtet, den hadde to punkt slik: a) Godtgjersle til leiar, kasserar, skrivar og webmaster med kr 1000 pr år b) At ein nyttar fastlagt skjema for kostnadsdekking når ein utfører tenester for SHK avd. Sykkylven Årsmøtet drøfta saka og den vart samrøystes vedteken av årsmøtet. Skjema vert lagt ut på heimesida. Den som skal motta godtgjersle har sjølv ansvar for å sende skjema til kasserar.
Årsmøtet slutt kl.19.35
For årsmøtet Kristin Dyrkorn -skrivar- |
|
|
|
INNKALLING OG ÅRSRAPPORT TIL ÅRSMØTET 2009 FOR SHK. AVDELING SYKKYLVEN
Det vert med dette kalla inn til årsmøte måndag 01.februar kl.19.00 i lokala til SHK avd. Sykkylven på Modulbygg, Ikornnes.
Har du saker du ønskjer at årsmøtet skal handsame, send desse til Britt Unni Rørstad innan 25.januar.
Sakliste årsmøte Sak 1 Godkjenning av innkalling Sak 2 Godkjenning av sakliste Sak 3 Val av møteleiar Sak 4 Årsrapport Sak 5 Rekneskap Sak 6 Val av nytt styre Sak 7 Innmelde saker
Styret i 2009; Leiar Britt Unni Rørstad 1år Nestleiar Jarle Nødset 2år Kasserar Kjersti Hatlestad 1år Skrivar Kristin Dyrkorn 2år Styremedlem Ann-Olaug Toftesund 1år Varamedlem Aud Flemsæter 1 år Varamedlem Henriette Slettvold 1 år
ÅRSRAPPORT 2009 Styret har halde 4 møter i 2009 og handsama 17 saker.
Det har vore halde to kurs i regi av avd.Sykkylven med grunnleggande lydigheit/kvardagslydigheit. Det var halde kurs med ekstern kursleiar i spor våren 2009. Måndagstreningane vart halde på Modul til hausten 2009, då vart treningane flytta til Brunstad, slik at det no er trening på Brunstad måndag og onsdag. Måndagane har vi prøvd å få til at det er ein treningshjelpar på plass (gul vest). Skal denne ordninga fungere er vi heilt avhengige av at alle stiller opp når det er deira veke. Silje Hausvik har fullført utdanning trinn 1 i NKK og er no ein del av instruktørkorpset til avd. Sykkylven. Dressurkursa vert halde på Modul, der vi har tilgang til møterom for teoriundervisning i tillegg til uteareal oppe og nede. Det har vore gjennomført temakveldar før ferien, oppmøtet har ikkje vore noko særleg, men vi må vurdere å halde fram for å samle folk til å lære om ulike tema. Avd. Sykkylven arrangerte julebord i november og hadde god oppslutning. Sacco vogna er plassert på Modul og kan lånast ved å kontakte Kristin Dyrkorn. Økonomi vert lagt fram som eiga sak på årsmøtet.
Valnemnda er Jarle Nødset, leiar og Anna Myklebust og Henriette Slettvold. Framlegg til nytt styre vert presentert på årsmøtet under val.
For årsmøtet Kristin Dyrkorn -skrivar- |
|
|
|
|