Styremøte i SHK avd. Sykkylven 22.09.05

 

Desse møtte:

Aud Flemsæter, Britt Unni Rørstad, Kjersti Hatlestad, Ann-Olaug Toftesund, Kristin Dyrkorn, Siv Helseth

 

 

Sak 01-05       Terminliste hausten 2005

Det vert halde grunnkurs/kvelpekurs med Britt-Unni og Kristin som instruktørar

For å sikre betaling skal vi legge inn i annonsene våre at vi mottek kontant oppgjer første kurskveld. Dette fordi det har vore problem med oppgjer frå deltakarar på f.eks utstillingskursa våre.

 

Kurs for vidarekomne med instruktør vert utsett til våren , då det ikkje er ledig kapasistet for instruktørane før denne tid. (det er Janne og Guri)

 

Vi skal undersøkje om det er råd å leige lokale til innendørs aktivitetar på Tynesfabrikken. Britt-Unni sjekkar dette.

Julebordet vert sett til 12.november og vi tek sikte på å halde dette på hotellet på Aursneset dersom vi får nok deltakakrar.

 

Sak 02-05       Deltaking på Vikingskipet  18-20 november

Dersom nokon av medlemmane er interesserte i å reise til Vikingskipet for å delta eller vere publikum, kan dei kontakte Siv på e-post siv@sortebekk.no slik at ein kan organisere dette i fellesskap.

 

Sak 03-05  Leige av klubblokale på Modul-bygg

SHK avd. Sykkylven kan få leige lokale til trening/teori på Modul –Bygg. Dette gjev oss høve til å kunne sette oss ned og ta ein kopp kaffi og trene på ein og same stad. Styret vil gjerne at Aud avtalar nærare og at vi tek ei synfaring til lokala.

 

Sak 04-05       Nytt styremøte

Nytt styremøte sett til 12.11.05 .

 

 

 

For styret

 

Kristin Dyrkorn

skrivar


Tilbake>>
 
 
ÅRSMØTEREFERAT SHK AVD. SYKKYLVEN

          Årsmøtet vart halde den 20.01.05 på Aurdal skule kl.19.30

Det møtte 8 medlemmar på årsmøtet i Sunnmøre hundeklubb avdeling Sykkylven.

Sakliste

 

Val av møteleiar

Årsmøtet valde Kristin Dyrkron til møteleiar

 

Godkjenning av innkalling

Det var ingen merknad til innkallinga

 

Godkjenning av sakliste

Det var ingen merknad til sakliste

Årsrapport

Møteleiar las årsrapporten. Merknad om at ein kunne teke med fleire resultat for å vise kor allsidige medlemmane er.

 

Rekneskap      

Avdeling Sykkylven har pr. 31.12.04  kr. 21.048,8 på bok i Sparebanken. Inntektene skriv seg frå kursverksemd.

 

Val av nytt styre

Leiar                Aud Flemsæter attval

Nestleiar          Britt Unni Rørstad attval

Kasserar          Kjersti Hatlestad  attval

Skrivar             Kristin Dyrkorn            ny

Styremedlem    Ann-Olaug Toftesund     attval

Styremedlem    Catrine Frøland  ny

Varmedlem      Ove Lødemel  ny

Varamedlem    Siv Helseth  ny

Innkomne saker

*Pris for medlem i avdelinga ”Årets Hund”. Det vart sett ned ein komite for å arbeide med korleis ein kan poengbergne ein slik pris. Aud , Ann-Olaug og Siv.

*Bruk av lønna instruktørar på kurs, kor mange  bør det vere pr. gruppe? Gruppe på inntil 7-8 har nok med to instruktørar. Ein må vurdere også ut frå kva hundar ein har på kurs.

*SHK avd. Sykkylven har ei kjempefin heimeside. Webmaster Ann-Olaug skal etter vedtak på årsmøtet ha ei godtgjersle på kr. 1000 pr. år for dette flotte arbeidet.

Aktivitetar/terminliste

Mars/april lydighet viderekomne med innleigd instruktør

Mars dressurkurs kvardagsdressur

April/mai kurs blodspor

 

For årsmøtet

Kristin Dyrkorn

 

Tilbake>>