| | |
|
Bilde frå tidlegare kurs. |
|
|
|
Utstillingskurset vår 08.Var eit populært kus heile 10 stykke var tilstede, og alle fekk trene på å vise hund. |
|
|
| Ein del av deltakande på utstillingkurset |
![]() |
| Ein del av kursdeltakarane som går på vårkurst 07 |
![]() |
| Ein del av kursdeltakarane som gjekk på vårkurs 06 |
![]() ![]() |
| Her ser oss nokre av kursdeltakarane som deltok på haust kurset 05. |
| I vår 2005 har klubben halde utstillings- og kvalpe- /grunnkurs. |
![]() ![]() |
| Kursdeltakarane som deltok på vår kurset vårt 05, her opp stilt til foto. 7 hundar alle av forskjellig rase. |
| På kurset lærer ein ikkje berre om lydnad. Ein lærer om korleis ein som hundeeigar skal opptre i samfunnet, og korleis ein skal stelle hunden sin. Under heile kurset har det blitt lagt vekt på positiv innlærings metodar. |
| Kvalpe- /grunnkurset Her var det 7 deltakarar som fullførde kurset, noko som utgjorde 100 %. På alle kurs som klubben har hatt dei siste åra har nesten alle som har starta fullført kursa. I desse kursa blir det fokusert på forming av kvardagslydnad, det å sitte, gå fint i band og innkalling. Miljøtrening er ein del av kurset. Det å vere tilstades der dei treff andre hundar av ulik rase og størrelse er viktig. Det å møte andre typar menneske er og viktig for sosialiseringa. Hunden må vere vand med både menn, kvinner, ungdomar og eldre. |
|
Kurset blei avslutta med svært godt oppmøte til brukskvelden 6. juni, heile 6 av 7 hundar med førar møtte opp i snøkava, for å sjå og lære om bruksarbeid. Kjempeflott!! Bruksarbeid kan vere så mangt. Det kan være redningshund, ettersøkshund, gjeting eller apportering med retriever. Det er det vi i Sykkylven driv med som trenar organisert. Kursdeltakarane fekk sjå litt bruksarbeid på brukskvelden. Arwen, ein flatcoat retriever, viste litt retrieverarbeid, det var det hundeeigar Ann-Olaug som viste fram. Vi fekk sjå Aud sende Emmi ut i runderingsarbeid, og vi fekk ein demonstrasjon på korleis ho melder frå ved funn av personar. I tilegg fekk vi sjå Emmi i felt søk. Alle fekk prøve kvar sitt spor, og hundane løyste oppgåva si flott. Lykke til vidare med treninga.
|
| Vår dyktige utstillingskurs leder, Tove S. Johnsen. Her med sine vakre Skotsk Hjortehundar. |
![]() |
|
Det var eingang. 3 generasjonar Skotsk Hjortehund, på vollene i Gamlebyen i Fredrikstad. Glenlough Nadia - Dé Bléson Etta Place - Dé Bléson Frida Fru Cost - Dé Bléson Fiona. Foto: Gro B. Henriksen.
|
| Utstillingskurset var det Tove S. Johnsen som var leiar for. |
![]() |
| Tove er røynd med utstilling, og har drive med det i mange år. Det var 8 hundeeigarar som deltok på dette kurset. Kursdeltakarane fekk god innføring både teoretisk og praktisk korleis hund skal stillast ut. Det er ikkje alltid like lett, dei forskjellige rasane skal stillast opp og visast på kvar sin måte. Hunden skal trave fint i ring, og ikkje gå, galoppere eller hoppe. Dette må trenast på, skal vi få fram dei beste bevegelsane hjå hunden. Små hundar skal også lære å bli undersøkt oppe på bord. |
| Utstillings kurset er avslutta, og her er nokre av store hundane oppstilt, og dei små hundane på bilete under.. |
![]() |
![]() |
|
19 Mai. 2005 Kursdeltakara på utstillings kurset, her har vi gjort eit forsøk på å samle store og små til foto, siste kurs dag. Stor takk til Tove som har vore kursleiar, og lært oss ein masse om utstilling.
|
![]() |
|
Kathrine med lånt Arwen, Knut og Lara, Catrine og Mini
|
| 17.10.04; Kurs deltakarane har vore på Stranda fjellet, og fått prøve praktisk bruksarbeid... |
|
Det var eit pratfullt ver å ha praktisk trening i. Sola skein, og fine hausfargar gjorde sitt til at turen på strandfjellet var flott. Det blei vist
korleis vi lærer inn sporing; slepe spor, og spontanspor var metodar som blei
brukt, og det er alltid ei løysning som passer min eller din hund. Alle kvalpane viste oss att sporing er kjekt. Kursdeltakarane fekk prøve sporarbeid. Hundane sporar fint alle i hopp. Skikkelig kjekt når vi får sjå kor hundane kan bruke nasa, og kor tilfreds hundar som får nasearbeid blir.
|
| Vi har på dette grunnkurset hatt forskjellige raser, I dag var det; Dvergdach, Pomeranian, Labrador og Richback, som fekk prøve, og spore. |
![]() |
| Hauskurset 04. Kursdeltakara med hundar, ein del mørke hundar syner ikkje, og blir borte på grunn av mørket. Bilete blei noko uskarp. |
![]() |
| Nokre av kursdeltakara med hundar vårkurs 04. |
![]() |