| 16.05.2008 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
| Tilbake>> | |||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Møte på Modul kl 20.00, desse møtte: Aud Flemsæter, Kjersti Hatlestad, Britt Unni Rørstad, Ann-Olaug Toftesund og Kristin Dyrkorn
Sak 28/07 POST Det er ein 8mnd gammel aktiv Flatcoated Retriever til omplassering. Kontakt Aud for adresse. Orientering frå natur og miljø studieforbund.
Sak 29/07 DUGNAD/SKAP TIL PROSJEKTOREN Peterson hadde ikkje skap til overs. Aud sjekkar om det finns låsbare skap på Sandvik gjennom Gunvald. Vi tek ikkje fleire dugnadar i haust. Aud sjekker med huseigar om vi kan sette opp lys ute, og om han veit kvar vi skal henvende oss. Ann-Olaug sjekkar eventuelt Claes Olsson med tanke på pris og type lys.
Sak 30/07 ØKONOMI/OPPGJER DRESSURKURS Økonomien er bra i følge kasserar. Alle rekningane for dressurkurset er betalt.
Sak 31/07 EVALUERING DRESSURKURS Deltakarane var nøgde med kurset, det var store grupper og ikkje alle fekk tilstrekkeleg med personleg oppfølging synest vi. Det var etterlyst eit kurshefte med informasjon om dei øvelsane vi nytta under kurset. Vi må ved like store kurs i framtida, vurdere å ta det over to kvaldar slik at vi ikkje blir for mange på området. Vi må og vurdere å dele inn i fleire grupper om det blir svært mange påmelde.
Sak 32/07 VAKTLISTE FOR TRENINGSKVELDAR Ny liste til jul: veke 46; Silje, veke 47; Britt Unni, veke 48: Kristin, veke 49; Aud og veke 50; Ann.Olaug
Sak 33/07 FØREBUING TIL ÅRSMØTE/ VALNEMND Årsmøtet vert lagt til Modul den 21 januar kl. 18.30. Silje, Siv og Anna har sagt ja til å vere valnemnd. Vi serverer kaffi/te og vafler.
Sak 34/07 EVENTUELT Vi arrangerer ein medlemskveld i jan/febr. Tema kan vere stell av hund. Vi tek att dette i januarmøtet. Ann-Olaug etterlyser stoff til heimesida, alle som har eit bilde og ei lita historie kan sende inn til ho. Aud tok opp om vi skal starte med sal av for , Oliviers. Vi tek opp att dette på neste møte.
Nytt møte måndag 7.januar 2008 kl 19.00
For styret
Kristin Dyrkorn - skrivar- |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Styremøte 1.10.07 kl 19.30 på Modulbygg.
Desse møtte ; Britt Unni , Kjersti, Aud, Kristin og Siv
Sak 23/07 Post Innkomen post vart referert av leiar
Sak 24/07 Dugnad Sak utsett til neste styremøte. Britt Unni undersøkjer om det kan ordnast med eit skap frå Peterson til prosjektoren vår.
Sak 25/07 Økonomi Betalingar for dressurkurs er i rute. Vi har kjøpt inn prosjektor.
Sak 26 /07 Dressurskurset så langt Det er eit stort kurs med stor variasjon innanfor hunderasar. Oppmøtet er godt .Gruppa er no delt i to der Britt Unni og Silje arbeider med ei gruppe og Aud og Kristin arbeider med ei gruppe. Positive og aktive deltakarar. Skogsdag er sett til 27 oktober og skal vektlegge sporarbeid.
Sak 27/07 Vaktliste mandagstrening Saka utsett til neste møte.
NYTT MØTE MANDAG 5.NOVEMBER KL 19.30 PÅ MODULBYGG.
Kristin Dyrkorn skrivar |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
Innkalling til Styremøte 1okt. kl 19.30 på Modulbygg
23/07 Post
24/07 Dugnad Skal vi lage eit skap til prosjektoren
25/07 Økonomi
26/07 Dressurkurset så langt
27/07 Skal vi sette opp ny vaktliste
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Referat frå styremøte 13.08.07 kl 20.00 på Modulbygg. Desse møtte; Aud, Britt Unni, Ann-Olaug, Kristin, Kjersti og Siv.
Saksnummera er for somme saker dei same som på forrige styremøte då sakene er vidarført frå forrige møte.
Sak 13/07 Mal for nye dressurkurs
Britt Unni hadde eit innspel på forsterking, kva vert forsterka av hundefører? Vi legg inn ein teoridel om dette. Aud og Britt Unni tek på seg å vere instruktørar på kurset. Dei knyt til seg hjelpeinstruktørar / ”vikar” sjølve. Kursstart MÅNDAG 3 SEPTEMBER. Påmeldingsfrist 27 august. Kristin melder inn kurset til Natur og miljø.
Sak 14/07 Dugnad på lokala Det vert dugnad måndag den 27 august, vi tek føre oss oppsida av huset og ordnar gjerdet, ryddar og måler.
Sak 20/07 Økonomi Vi har ifølge kasserar ein god økonomi med 46.300 kr på bok.
Sak 21/07 Organisering av treningskveldane Vi sett i gang ordning med treningsleiar. Denne er utsyrt med refleksvest og skal ta ansvar for å bistå treningsdeltakarane med å gjennomføre trening, svare på spørsmål og vere til hjelp for dei som er på trening. Ordninga fungerer når det ikkje er kurs i regi av hundeklubben. Vaktliste: måndag 27 august; Kristin , måndag 27 august; Ann-Olaug Vidare skal vi handsame eit framlegg til reglar for SHK avd. Sykkylven sitt treningsområde. Dette ligg ved som vedlegg.
Sak22/07 Eventuelt Styret gjorde vedtak om å kjøpe prosjektor og lerret til dressurkurset startar. Britt Unni og aud lagar powerpoint program til teorikveldane.
NYTT STYREMØTE MÅNDAG 01.OKTOBER KL.19-30. Aud sender ut sakliste
Kristin Dyrkorn, skrivar. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
FRAMLEGG TIL REGLEMENT FOR BRUK AV SHK AVDELING SYKKYLVEN SITT TRENINGSOMRÅDE
Velkommen til vårt treningsområde ved Modulbygg, vi vonar du og hunden vil finne dykk til rette her og ha glede av treningstilbodet. For at vi alle skal ha utbytte av å møte opp, vil vi legge vekt på at dei reglane vi sett opp for bruken av området vert respektert og følgd. Dette reglementet gjeld i den fastsette treningstida ; måndag 18.00-19.00
Bruk pose og plukk opp dersom hunden gjer frå seg på området.
Det står mykje lagervarer frå Modul ute, IKKJE la hundane tisse på desse.
Vi har eit fint område på oppsida av bygget, bruk dette for å slå av ein prat med kvarandre og sosialt samvær med hund.
Bruk gjerne kaffirommet inne, men sett då hunden att i bilen.Vasskokaren er til fri disposisjon.
Vi bruker området nedom bygget til parkering og trening av mindre grupper eller enkelthundar.
Du skal ha hunden under kontroll ved uttaking frå bilen, ingen hundar skal springe lause på området utanom i treningssituasjonar.
Meld frå til treningsleiar viss du har spesielle ønske/behov for treningsmoment. TRENINGSLEIAR ER IFØRT GUL VEST.
Treningsleiar styrer aktiviteten på nedsida av bygget. Skal det øvast spesielle moment for ein / fleire hundar, må de ha hunden i bilen eller på oppsida av huset medan dette pågår. Treningsleiar gir beskjed.
Når klubben arrangerer dressurkurs, har kurset prioritet på området nedom huset måndagar frå 18.00-19.00. Etter klokka 19.00 er området til fri disposisjon, det vert ikkje sett opp treningsleiar under kurs.
Styret i SHK avd. Sykkylven
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Referat frå styremøte21.05.07 kl 20.00 på Modulbygg. Desse møtte; Aud, Britt Unni, Ann-Olaug, Kristin Kjersti orienterte kort om økonomi før møtet starta.
Sak 12/07 Kurs med Ellinor evaluering Vi har fått gode tilbakemeldingar frå deltakarane. Vi er samde om at vi vil prøve å få til eit nytt kurs i 2008. Britt Unni tek fatt i det. Meirkostnadane som kom til, er styret samd om at klubben dekker. Vi tek opp i styret korleis vi legg til rette for nytt kurs på eit seinare møte.
Sak 13/07 Evaluering dressurkurs, mal for nye kurs Kursdeltakarane har levert svært positive kurskritikkar. Aud sender desse vidare til Ann-Olaug. Styret drøfta om vi skal legge ein mal for framtidige kurs og vart samde om at kvar einskild sett opp ei oversikt over kva som bør ligge i kurset av basiskunnskap på teori og av øvelsar. Dette presenterer vi for kvarandre på neste styremøte.
Sak 14/07 Dugnad på lokala Kjersti skal undersøke kva det vil koste med benkar til å ha på oversida av bygget. Vi tek ein rydde og pynte dugnad når dette er på plass.
Sak 15/07 Økonomi Vi har ifølge kasserar ein god økonomi.
Sak 16/07 Eventuelt NYTT STYREMØTE MÅNDAG 2.JULI KL.20.00. Aud sender ut sakliste
For styret
Kristin Dyrkorn skrivar |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
| Tilbake>> | |||||||||||||||||||||||||||||||||
| Referat frå styremøte: | |||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Styremøte SHK avdeling Sykkylven 16.04.07 kl 20.00 på Klubbhuset Desse møtte: Aud Flemsæter, Britt Unni Rørstad, Siv Helset, Kjersti Hatlestad, Kristin Dyrkorn
Sak 06/07 Kurs med Ellinor Antonsen Kurslista er klar, flybillettar, overnatting og henting er klart. Vi satsar på felles samvær på klubb huset laurdag kveld. Oppstart kurs fredag 28.04 kl 19.00 . Kursavgift vert sett til 500 kr. pr. deltakar. Klubben dekker reise og kost, Siv får kurset kostnadsfritt mot at ho held med hytte til instruktøren.
Sak 07/07 Dressurkurs vår 2007 Ann-Olaug var ikkje til stades og kunne orientere. Det er to kvaldar att på kurset, ein skogsdag neste måndag og den siste kvelden måndagen etterpå, Aud har ansvar for dette.
Sak 08/07 Agility utstyr Søknaden Siv sende inn har vi ikkje fått svar på, vi må ta opp på eit møte seinare om vi skal sette av midlar til innkjøp av utstyr.
Sak 09/07 Dugnad på rom på klubbhuset Onsdag 25.april kl 10.00 prøver vi å gjere oss ferdig med det grøvste.
Sak 10/07 Økonomi Vi har om lag same beløp som ved årsskiftet, kursdeltakarane har utan unntak betalt kursavgift.
Sak 11/07 Eventuelt Vi drøfta om vi skal lage vår eigen mal for dressurkursa våre der vi legg inn ein del basisøvingar i botn og at kursdeltakarane i tillegg kan fremme ønske om spesielle ting dei har lyst å arbeide med på første kurskveld. Vi tek opp dette som sak i god tid før dressurkurset til hausten. Vidare drøfta vi korleis vi skal organisere treningskveldane våre. Vi tok opp att det vi har sagt før, at vi må bli meir tilgjengelege for kvarandre og stille opp i arbeidet med å hjelpe den einskilde ved å vere observatør eller praktisk hjelpar. Vi må altså skjerpe oss igjen. Skal vi sette opp ein plan for aktivitetar og dagar ? |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
For styret
Kristin Dyrkorn skrivar |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
| Tilbake>> | |||||||||||||||||||||||||||||||||
| Styremøte i SHK avd. Sykkylven 22.01.07 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Desse møtte ; Aud flemsæter, Britt Unni Rørstad, Ann –OlaugToftesund, Kjersti Hatlestad, Kristin Dyrkorn Utanom styret møtte Siv Helseth
Sak 01-07 Opning av det nye klubblokalet Aud set inn følgande annonse i Sykkylvsbladet; SHK avd. Sykkylven ønsker alle hundeinteresserte velkommen til opning av våre nye klubblokale i Modulbygg på Ikornnes mandag den 29.janauar kl. 19.30 . Enkel servering. Styret Vi kjøper inn vaffeljarn, tek med vaffelrøre og bestiller ei marsipankake til dette arrangementet.
Sak 02-07 Utsmykning av klubblokale Ann-Olaug vil lage til nokre hundebilete til å ha på veggane. Siv har rammer vi kan kjøpe. Ann-Olaug og Siv avtalar dette.
Sak 03-07 Kurs våren 2007 Vi arrangerer kurs i kvardagslydigheit , Ann-Olaug er instruktør og Siv stiller som hjelpeinstruktør. Kurset er ikkje dagsett endå.
Sak 04-07 Agility Siv har laga eit skriv der ho ber om midlar til agilityutstyr gjennom Se og Hør. Får vi tilsagn, kan vi sette opp agilityapparat ved dei nye klubblokala. Dersom vi ikkje får midlar, kan vi bruke noko av eigne midlar til å sette opp enkelte delar av baneutstyr slik at medlemmar kan trene moment, t.d hinder, tunnell, slalom.
Sak 05-07 Lydighetskurs Lydighetskurs i tida 27-29 april. Siv sjekker om dei har ledig hytte, Aud bringer og leverer instruktøren på Moa, Britt Unni bestiller billett på nett. Kva ønske vi har for kursinnhald vert teke opp på neste styremøte.
For styret Kristin Dyrkorn -skrivar- |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
| Tilbake>> | |||||||||||||||||||||||||||||||||
|
INKALLING TIL ÅRSMØTE 2006 FOR SUNMØRE HUNDEKLUBB AVD.SYKKYLVEN
Det vert med dette kalla inn til årsmøte mandag 22.januar 2006 kl.19.00 i lokala til SHK avd. Sykkylven på Modulbygg, Ekornes
Sakliste Godkjenning av innkalling Godkjenning av sakliste Val av møteleiar Årsrapport Rekneskap Val av nytt styre Innmelde saker
Har du saker til årsmøtet, send til leiar Aud Flemsæter innan 30.desember 6222 Ikornnes , aud@syrek.no
Styret har halde 4 møter i 2006 og handsama 22 saker. Det som er viktigast er kanskje at vi har fått oss lokale i Modulbygg på Ekornes, der vi har både møterom, sosialtrom og treningsplass ute. Vonaleg vil dette vere med å auke aktiviteten blant medlemmane våre.
I 2006 har vi i avdeling Sykkylven halde 2 dressurskurs med skogsdag og bruksarbeid innlagt i kursa. Tre av medlemmane har godkjent Redningshund barmark og fleire av medlemmane har delteke både i konkurranser og utstillingar gjennom året og fått gode resultat. Dette kan du sjå på nettsida vår.
Styret har i år vore; Leiar Aud Flemsæter Nestleiar Britt Unni Rørstad Kasserar Kjersti Hatlestad Skrivar Kristin Dyrkorn Styremedlem Ann-Olaug Toftesund
Alle er valt for eitt år.
For styret
Kristin Dyrkorn -skrivar-
Rekneskapen vert lagt fram på årsmøtet
VEL MØTT DEN 22 JANUAR
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||
| Tilbake>> | |||||||||||||||||||||||||||||||||
|
ORIENTERINGSMØTE OM OMLEGGING TIL SENTRALT MEDLEMSREGISTER I NORSK KENNEL KLUBB FRÅ 01.01.07
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Delar av styret i NKK avdeling Nordvestlandet hadde orientering til hundeklubbane på møte den 25.nov.
Kort oppsummering ; Alle vil frå nyttår stå registrert i eit sentralt register i NKK Alle betaler ein grunnkontingent på kr. 140 pr. år (januar-desember) Kontingent for medlemskap i spesialklubb eller hundeklubb blir lagt inn på samme giro, er du medlem i fleire klubbar, skal alle stå på din giro. Dersom du får fleire giroar, kan du gå inn og rette dette , adressa står i Hundesport
Som medlem i NKK skal alle motta Hundesport og alle er registrert med stemmerett til NKK sitt representantskapsmøte.
Som ein konsekvens av omlegginga skal det velgast nye styre i alle avdelingar av NKK, vi er oppmoda om å sende inn framlegg til valkomiteen. Klubbane har fått brev om dette, frist for innsending er 15 januar.
Samtidig opphøyrer direkte medlemskap i NKK, står ein som direkte medlem, må ein melde seg inn i ein hundeklubb eller spesialklubb for rasen for å halde fram som medlem i NKK
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Som medlem i NKK har du; -tilgang til Dog Web - du får Hundesport - du får medverknad gjennom røysterett - du får tilgang på alle NKK sine medlemstilbod
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Årsmøtet i NKK avdeling Nordvestlandet vert halde 4 februar 2007 kl 14.00 i lokala til Rogne trafikkskole på Blindheimsskiftet. Det er viktig at klubbane nyttar høvet til å delta og bruke si stemme.
Vil du vite meir ? prøv heimesidene til NKK eller NKK avd. Nordvestlandet
SHK avd. Sykkylven Kristin Dyrkorn |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
| Tilbake>> | |||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Styremøte SHK av Sykkylven 20-11.06
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Desse møtte: Aud Flemsæter, Britt Unni Rørstad, Kjersti Hatlestad, Krisitn Dyrkorn
Sak 18-06 Modul bygg Styret var på synfaring og bestemte at dei to romma høver som møterom og opphaldsrrom. Vi må halde dugnad , kjøpe inn noko utstyr før vi tek lokala i bruk. Dette gjer vi i januar før årsmøtet.
Sak 19-06 Dressurkurs haust 2006 Jamt over gode tilbakemeldingar frå deltakarane . Grunnopplæring er viktig for alle ekvipasjar. Vi bør tenke på korleis vi skal nå ut til fleire, og korleis vi skal få dei med heilt unge valpar til å komme på kurs. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Sak 20-06 Møte NKK 25.11 kl 14.00 Kristin reiser på dette møtet om organisering etter samanslåinga med NKK frå 01.01.07
Sak 21-06 Årsmøte Årsmøtet vert sett til 22.januar kl. 19.00 i dei nye lokala på Modulbygg. Kristin skriv brev til alle medlemmane om frist for innsending av saker , sett til 20.desember.Styret fungerer som valnemnd. Sidan alle tok verv for eitt år i fjor er alle styreverv på val.
Sak 22-06 Eventuelt Aud sender felles påmelding for styret til julebordet i SHK den 9.desember. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Kristin Dyrkorn -skrivar- |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
| Tilbake>> | |||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Desse møtte ; Aud Flemsæter, Britt Unni Rørstad, Kjersti Hatlestad, Ann-Olaug Toftesund og Kristin Dyrkorn
Sak 12/06 Godkjenning av innkalling Ingen merknad til innkallinga.
Sak 13/06 Godkjenning av referat frå møte22.05.06 Ingen merknad til referatet.
Sak 14/06 Leige av lokale til SHK avd. Sykkylven Vi får leige lokale hos Modulbygg til straumpris. Aud får fullmakt til å inngå endeleg avtale.
Sak 15/06 Dressurkurs hausten 2006 Vi sett i gang eit valpekurs i september. Aud er hovedinstruktør og Kristin er hjelpeinstruktør. Kristin kontaktar Natur og Miljø for kursstøtte. Daltakaravgift; 1000 kr for medlem SHK og 1500 kr for ikkje medlemmar. Vi annonserar på heimesida.
Sak 16/06 Andre kurs Britt Unni og Aud kontaktar diverse instruktørar for å sjå om vi kan få gjennomført eit vidaregåande kurs for medlemmane i avdeling Sykkylven i løpet av hausten/våren.
Sak 17/06 Julebord Styret melder seg på til felles julebord med SHK den 9 .desember.
For styret Kristin Dyrkorn -skrivar- |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
| Tilbake>> | |||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Referat frå styremøte i SHK avd. Sykkylven 22.05.2006 Desse møtte; Aud Flemsæter , Ann –Olaug Toftesund, Britt Unni Rørstad og Kristin Dyrkorn. Silje Hausvik var med på ridebana. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Sak 08/06 Alternativ stad å vere for klubben, Høgset ridebane/Modulbygg Synfaring på begge stadane. Styret samd i at pr. dato er det Modulbygg som er mest hensiktsmessig stad for klubben. Ved bygging av ein ridehall på Høgset er det ønskeleg for oss å kunne forhandle om bruk då dette blir eit heilårstilbod om innandørs treningsstad. Aud får fullmakt til å forhandle om pris på Modulbygg, vi kan med dagens akttivitet kunne koste om lag 1000 kr pr. mnd. i leigeutgifter. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Sak 09/06 Evaluering av dressurkurs vår 2006 Kurset får positiv tilbakemelding frå deltakarane. Evalueringsskjema for deltakarane kan endrast slik at ja/nei svar går ut. Viktig at deltakarane får melding om at dei skal melde frå dersm dei ikkje kan møte, vidare at vi gir beskjed om kva dei skal ha på seg på skogsarbeidsdagen, og at vi førebur dei på at vi ønsker at dei fyller ut evalueringsskjemaet så dei er budd på det. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Sak 10/06 Planar for hausten 2006 Eit nytt dressurkurs med oppstart august/september. Pris 1000 kr for medlem SHK/1500 kr for ikkje medlemmar.
I samsvar med sak 06/05 har vi og planar for fleire aktivitetar gjennom hausten.
Medlemsmøte med tema når vi har klare møtelokale på Modulbygg.
Sak 11/06 Eventuelt Styret drøfta kva som skal ligge inne på heimesidene til Avd. Sykkylven. Alle typar enkeltståande kurs og arrangement som kan vere av interesse for medlemmane eller er i regi av hovedklubben (SHK)og NKK kan stå inne på sida. Dersom andre klubbar eller lag ønsker å ha inne terminlister eller opplysningar om treningstider og liknande gjennom året, skal dette reknast som sal av annonse og kostar 500 kr pr år. Desse retningslinjene vert gjeldande frå 01.06.2006 Vi gjer og merksam på at resultatbørsen på heimesida er eit tilbod til medlemmane i SHK. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
For styret
Kristin Dyrkorn skrivar |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
| Tilbake>> | |||||||||||||||||||||||||||||||||
| Styremøte 22 mai 22.05.06 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
| Kaller med dette inn til styremøte mandag 22 mai kl 19.00 ( etter trening) | |||||||||||||||||||||||||||||||||
|
- Vi ser på alt. plass å holde til ( Modulbygg og ridebana) - Evaluering av dressur kurs - Planer for hausten - Eventuelt |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
ÅRSMØTEREFERAT SHK AVD. SYKKYLVEN
Årsmøtet vart halde den 23.01.06 på Kvisten hos Kjersti kl.19.00 Det møtte 5 medlemmar på årsmøtet i Sunnmøre hundeklubb avdeling Sykkylven. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Sakliste
Val av møteleiar Årsmøtet valde Aud Flemsæter til møteleiar
Godkjenning av innkalling Det var ingen merknad til innkallinga
Godkjenning av sakliste Det var ingen merknad til sakliste |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Årsrapport Skrivar las årsrapporten. Merknad om at det var eit blodsporkurs som vart avlyst og at det er handsama 7 saker på styremøte i 2005.
Rekneskap Avdeling Sykkylven har pr. 31.12.05 kr. 38.215,79 på bok i Sparebanken. Inntektene skriv seg frå inneståande midlar og kursverksemd.
Val av nytt styre Årsmøtet gjorde vedtak om å redusere antall medlemmar i styret til 5. Alle frammøtte tok attval og slik ser det nye styret ut. Alle val for eitt år. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Leiar Aud Flemsæter attval Nestleiar Britt Unni Rørstad attval Kasserar Kjersti Hatlestad attval Skrivar Kristin Dyrkorn attval Styremedlem Ann-Olaug Toftesund attval
Innkomne saker Ingen saker meldt.
For årsmøtet Kristin Dyrkorn |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
| Tilbake>> | |||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
INKALLING TIL ÅRSMØTE 2005 FOR SUNMØRE HUNDEKLUBB AVD.SYKKYLVEN |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Det vert med dette kalla inn til årsmøte 23.januar 2006 kl.19.00 på kvisten hos Kjersti Hatlestad ( adresse Lyshol)
Sakliste Godkjenning av innkalling Godkjenning av sakliste Val av møteleiar Årsrapport Rekneskap Val av nytt styre Innmelde saker
Har du saker til årsmøtet, send til leiar Aud Flemsæter innan 15 januar. 6222 Ikornnes , aud@syrek.no |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
I 2005 har vi i avdeling Sykkylven halde 2 dressurskurs med skogsdag og bruksarbeid innlagt i kursa. Vidare har det vore halde ringtreningskurs. Sporkurset i vår vart avlyst grunna lite påmelding. Kurset for vidarekomne i lydigheit vart avlyst då instruktørane ikkje hadde høve til å møte. Fleire av medlemmane har delteke både i konkurranser og utstillingar gjennom året og fått gode resultat. Dette kan du sjå på nettsida vår. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Styret har i år vore; Leiar Aud Flemsæter Nestleiar Britt Unni Rørstad Kasserar Kjersti Hatlestad Skrivar Kristin Dyrkorn Styremedlem Ann-Olaug Toftesund Styremedlem Cathrine Frøland Varmedlem Ove Lødemel Varamedlem Siv Helseth
Alle er valt for eitt år.
For styret
Kristin Dyrkorn -skrivar-
Rekneskapen vert lagt fram på årsmøtet
VEL MØTT DEN 23 JANUAR
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||
| Tilbake>> | |||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Styremøte Sunnmøre hundeklubb avd. Sykkylven 01.12.2005 Desse møtte : Aud Flemsæter, Britt Unni Rørstad, Kjersti Hatlestad, Kristin Dyrkorn
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Sak 05-05 Årsmøte 2005 Årsmøte skal haldast 23.januar, kl 19.00 2006 på kvisten hos Kjersti Hatlestad Alle medlemmar av avdeling Sykkylven får tilsendt saksdokument i løpet av Desember. Sak 06-05 Terminliste 2006 Dressurkurs vår /haust inklusive skogsdag med bruks Vidaregåande kurs lydigheit Sporkurs helg Apportering og leike kurs helg Datoar vert sett seinare.
Sak 07-05 Premiering av klubbhund Saka utsett |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
For styret Krsitin Dyrkorn skrivar |
|||||||||||||||||||||||||||||||||
| Tilbake>> | |||||||||||||||||||||||||||||||||